søndag, november 30, 2008

Er i farta...

Ja er me ikkje alle det no?..I farta altså...? Eg er iallefall! Og mykje får ein gjort om ein berre tek beslutningar på løpande bånd...Eg er blitt ein ekspert i å handle raskt og effektivt for tida..hihi..For eg sa jo at ALLE julepakker skulle vera klare til 1.des!! Og eg har faktisk (nesten) klart det!! Og det er neimen ikkje verst synes eg!


No i helga har me vore aktive nok. Turen til hybelguten vår (som eg tenkte på forrige helg...hmmm) den tok me på laurdag. Trur det er godt når mor og far kjem og ordnar litt i (kaoset??) sakene...handlar litt mat og tek oss litt tid saman. Han er stor, men ikkje SÅ stor! Har trass alt ikkje vore heime på 14 dagar og er ikkje venta heim neste helg heller...travle tider for store gutar... Ellers i heimen har deler av sundagen gått med til ein tur i skogen. Difor bilete av dei herlege konglene...kongler er berre nydeleg synes eg! Å plukke dei saman med vetlatrollet meinte eg var ein smal sak og riktig koseleg...men kvar kongle eg plukka oppi bøtta, kast ho utav...hihi..var sikkert morro for ho...men men...baljen vart full tilslutt og mor nøgd med turen likavel.


Eldstejenta har hatt sitt eige juleverkstad med bestemora, og resultatet vart nokre nydeleg fine englar til å henge på "juletreet" vårt...hihi...det vart faktisk ikkje så verst det heller...

Nokre av grankvistane me tok med frå skogen havna i ei bøtte med vatn inne i stova...ei lita motvekt til det treet UTAN nåler som står i andre enden av stova!! HAHA...

Og etter ein tur i kyrkja (konfirmant-ljosmesse) med eldstejenta, var tida inne for å tenne ljos heime òg .... for håp og glede!!
Me kosar oss i mørket med tende ljos...det gjer vel du òg??
Snakkast snart!

torsdag, november 27, 2008

To Molly with love!

Ord vert fattige... Molly har ein sterk og gripande historie, eg er viss på at ho ikkje er åleine der ute...

tysdag, november 25, 2008

Finnes det grenser for gjenbruk...??

Dette er då mitt juletre i år...haha!...Neidå, sjølvsagt ikkje...det MÅ jo finnes grenser for gjenbruk?? Eller?? Eg har faktisk teke treet inn i stova og plassert det fint til pynt...hihi..For min del kunne det godt ha vore juletreet i år (faktisk!). Men me er jo (heldigvis) fleire her i huset då...

Og heilt riktig, det er eit gamalt juletre, som nokon ein gong for (eg tippar...) fleire år sidan har kasta ut...Eg og trultemor var på tur i skogen ein dag og samla mose...Då eg fekk auga på detta heilt utvaska juletreet, det var så blank-skurt og fin farge på...

Difor har det no fått sin renessanse i vår stove...Sjølv mannen i huset gjekk med på det..(men han er jo vant med litt av kvart..hihi). Kanskje det kjem litt pynt på det når jule nærmar seg? Kanskje litt lys eller noko anna...men no står det slik og er pynt i massevis heilt sjølv...
"Det snør det snør tiddelibom...."
Tusen takk for koselege kommentarar
i det siste!!
Snakkast snart...





søndag, november 23, 2008

Roleg søndag...

Me har hatt ein roleg søndag hjå oss. Det er godt med slike dagar der ein berre kan pusle på med rydding og ordning her og der...I dag fekk eg tid til å lage slike små fine glas med lys og mose i...synes dei har sett så fine ut på alle bloggane eg har besøkt i det siste...(mange som har sånne...)
Så fekk eg omsider hengt opp adventskalenderen! Den kom på ei rist av ståltråd...eller kva eg skal kalle det? Me har brukt slike til å lage kaninbur ein gong i tida...men i dag har altså ei slik rist fått plass på skapet i stova med pakker på...tjhi..synes det vart ganske fint eg...MEN eg har ein kalender til som må få plass ein stad...Må tenkje litt på det....(den observante vil sjå at eg manglar nokre pakkar...men dei er på veg...)

Som de ser så har det kome ein engel til oss..hihi...han kom og flytte like godt inn i stallen, som jo enno er ganske så tom...

Engelen står der med sitt lure smil...eg trur han veit noko som me ikkje veit...hihi...Ser iallefall sånn ut! Den er laga for mange år sidan av guten i huset...eg synes den er veldig søt, den har følgt oss kvar jul sidan...
No håpar eg alle har hatt ei fin helg der dei er!!
Snakkast snart att...

5 ting om meg...

Eg har blitt utfordra av diverse bloggdamer....og no er det på tide at eg tek mot til meg og svarar...

5 ting eg likar:
Ungane mine!
Mannen min!
Livet mitt...
Regn og vind i håret...
Frisk luft!

5 ting eg ikkje likar:
Urettferdigheit
Sløsing...
Rot!
Svidde pannar...
Dårleg tid...

5 artistar/musikk eg likar:
Kent
Kaizers Orchestra
Abba
Duffy
The Fray
+++

Så skulle eg eigentleg utfordre 5 nye...hmmm Eg trur dei får ta den dei som vil...

Kjem snart tilbake...

fredag, november 21, 2008

Litt tid takk...

Medan eg ventar på tid til å få gjort alt eg skal, kan eg like godt legge ut nokre bilete frå i fjor....Når eg ser gjennom gamle jule-bilete vert eg heilt rørt... Det er kjekt å gle seg....

Men ikkje kjekt når alt tek så masse tid!! Og eg som hadde bestemt meg for at, i år då vil eg vera ferdig med alt som heiter reising handling stress osv...FØR 1.desember! Slik at desember var via den koselege førebuinga som baking (men berre slikt me både kan ete opp og har lyst på...tjihi) og laging av dekorasjonar ute/inne med ljos og kos i små krokar av huset...


Men så går jo denne tida så frykteleg fort!! Men alltid så trøyster eg meg med eit ordtak (eg trur eg har laga sjølv..hihi): "Du får gjort mykje på ein dag"! Ja så ein dag i neste veke skal ALT gjerast!! HAHA...jo men det er sant....eg skal prøva på det....
No går helga til den vanlege oppryddinga og kanskje eit besøk til hybelguten vår...Litt jobbing og så håpar eg at eg får tatt nokre nye bilete å legga inn her...men for all del, me kan leva lenge på året som gjekk...hihi..

Dette var altså bilete frå juleførebuings-kos i fjor.... I år har eg nemleg utsett den kosen litt til...snart er eg nok i sving, eg skal "berre nett...."
Håpar alle får ei innhaldsrik helg der mykje vert gjort på ein fin måte!! Haha...
GOD HELG!



laurdag, november 15, 2008

Adventskalender...

Ja korleis ser din adventskalender ut i år?? Her i heimen har me forandra kalenderen dei siste åra...men når dei to eldste var små, då hadde dei fast kvar sin kalender som mor sjølv hadde støypt i gips..(!) Jadå de må hugsa på at dette var veldig tidleg på 90-talet...hmmm var det moderne med gips-støyping då??Ja eg trur iallefall det...hihi...Dei kalenderane varte nokre år til eg var så lei av dei og ungane var slutta å protestera på forandring.... Etter det har kalenderen gått frå å vera minimalistisk...kvit...rein...enkel...osv..Men i år DÅ stemmer eg for litt farge på pakker og kalender!! Difor blir det hjå oss pakkar i spreke fargar som skal spre forventing utover i desember...

Det meste av papiret er frå House Doctor...men resten er litt frå her og der... Men korleis eg skal henge den opp har eg ikkje heilt bestemt enno...kanskje ei grein under taket?? Eg får sjå...
Og for dei som lurte...JA desse kalenderpakkene er til mine STORE born på 17 og 14...dei nektar å sleppe tak i mor sin heimelage kalender...haha...men det er jo kjekt òg! Vetletrultemor får ingen kalender i år...synes ho er for liten...kanskje?? Det kan jo hende ho får opne ei pakke frå storesøskene då... Tru det eller ei...men desse blomane plukka eg i hagen i dag! Synes litt synd på dei som stod ute i dette forferdelega regnvêret...så dei havna på stovebordet mitt! Dei er nok litt skada i uvêret, men fine likavel...

Ha ei kjempefin helg alle saman!!
PS for dei som lurte så står fortsatt julekrybba mi tom...eg ser etter kvar dag om det er flytta nokon inn...hihi..men kanskje snart...kven veit??

tysdag, november 11, 2008

Eg er overvelda!!

Ja eg kan ikkje seia anna...eg bøyer meg i støvet! eg er heilt imponert over den responsen eg fekk på julekrybba mi!! TUUUSEN TUSEN TAKK!!! Til alle kjekke folk som har kome med så flotte kommentarar!! Eg kjem på besøk til kvar og ein det kan eg love!!Denne blomen er til alle dykk der ute som skrytte så veldig av julekrybba mi!!! Må jo seie at eg etter dette har vurdert å starte eit limekurs for julekrybbe-entusiastar....hihi...haha...hoho...



Neidå eg kan vel ikkje kvile på lauvbæra så frykteleg lenge tenkjer eg...Men for alle de som har lyst å lage/lime saman ei julekrybba så berre gjer det! Ikkje var det vanskeleg heller, for dei som lurte på det...(eg gjer ALDRI noko som er vanskeleg...!Haha!). Det einaste tipset eg kan kome med er at det er lurt at kvistane er frykteleg tørre, for då knekk dei så mykje lettare...iallefall på denne tida av året...

I dag på fridagen min så tenkte eg å fylle ut julegåveboka mi...eg har ei lita bok som eg har skrive opp kva eg har kjøpt til kvar og ein sidan 1989...(!!) Ja det er sant...det har berre blitt sånn...kvar einaste år så har eg lurt på kven eg skal kjøpe pakker til...hihi..og då finn eg fram boka og der står jo alle namna. Nokon har sjølvsagt komme til oppigjennom åra og andre er borte...men kjekt er det å sjå kva eg har funne på opp igjennom..haha. Det er mykje rart kan eg love...tjhi!

Ynskjer alle som ein, ein strålande fin dag!!!
Stor klem til alle!!!


søndag, november 09, 2008

Ei julekrybbe blir til...

Kva gjer ein stor haug med kvist på mitt kjøkkenbord?? Jo, etter ein liten tankeprosess og ein smule utolmodigheit fant eg ut at den julekrybba skal eg jammen klare å snekre saman sjølv...

Lettare irritert over at det ikkje finnes julekrybber å oppdrive, har eg gravd fram ein gamal limpistol (og jammen fant eg lim òg...) og ute i skogen visste eg om ein haug med skikkeleg tørre kvistar. Eg henta sjølvsagt kvisten inn og kledde kjøkkenbord med aviser....

Sakte men sikkert tok den form, eg har grisa litt med limen...haha...men det kjem ikkje til å vise når prosjektet er ferdig... Her ventar krybba på sjølvaste jesusbarnet...


Ja, den ventar nok på fleire enn det! For eg har nemleg ingen figurar som kan høyre til i ein stall eingong for lenge sidan...Men no er den iallefall nesten klar..







Eg henta litt lauv som eg har pressa tidlegare, og der vart det jammen heimekosleg for Maria og Josef òg...når dei måtte dukke opp?? Litt reinlav for jesusbarnet... Jodå no kan dei berre koma...

Men det spørs om ikkje eg må snekre saman nokre hyrdar og resten av gjengen sjølv...hihi. Eg håpar eg finn figurar som kan fylle tomrommet i stallen...enn så lenge så vart den ikkje så verst der den står å ventar...nett som oss, som ventar på advent...hihi...For den skikkeleg oppservante så vil de faktisk sjå at det heng ei stjerne på veggen over stallen...tjhi..ein veit jo aldri...


Det var dagens tips frå meg...superenkelt å lime i hop! Og ganske dekorativt om eg skal seie det sjølv...Haha..

Ha ein fin kveld vidare!

PS. Eg har fått så mykje skryt for skapet mitt på eit tidlegar innlegg...tusen takk for det!! Det er ein gamal herregarderobe eg kjøpte for eit par tre år sidan på Fretex for 400,- kr! Men då var det knall oransje!

laurdag, november 08, 2008

Rudolf er komen på plass...

Det er vel strengt tatt ikkje eit reinsdyr...hmmm Men ein kronhjort får vel duga som erstatning...For dei som kjenner den att så stammar den frå loppis tidlegare i haust. No er den kome ned frå hylla over ovnen og etterkvart er planen å kanskje ha advendtsljosa rundt den?? Eg likar den fortsatt veldig godt, og den er akkurat passe stor og blank...hihi

Akkurat no kjenner eg meg mellom barken og veden...eg berre går å ventar på å få setje i sving med litt adventsførebuing...
Difor har eg vore ein tur til næraste handlestad i dag! Jippi! Eg berre lengta etter å sjå julepynt og stas i butikkane...men eg vart faktisk litt skuffa...Det verkar som den gamle julepynten vert dregen fram år etter år...Eg må verkeleg reisa langt avgarde for å få litt inspirasjon...Så full skjerpings Voss!! Eg MÅ visst til Bergen!!
Og der veit eg det akkurat er komen ein butikk som eg iallefall skal innom før jul; Farmors Hus...sjekk ut bloggen! Denne butikken var før berre i Isdalstø, rett utanfor Bergen, men no er den komen til Åsane!!Jippi!! Det vert litt nærare iallefall...

Imellomtida blar eg i mitt Boligliv.... på jakt etter den evige juleinspirasjonen... Som eigentleg ikkje er vanskeleg å finne, men som berre er god å kjenne på når den er der....

Heilt til slutt lurar eg på om det er fleire enn meg der ute som leitar etter ei fin julekrybbe?? Eg har tråla nettbutikkar men finn ingenting der...og sjølvsagt ingenting på Voss heller...Nokon som veit??
Ha ein fin laurdagskveld! No ventar sofaen...
Tudleidu....



tysdag, november 04, 2008

Netthandel...

Julefølelsen har definitivt slått innover heimen i det siste...eg fekk vel i tillegg eit ørlite glimt av panikk då det verkeleg gjekk opp for meg at det berre er 3 og ei halv veke til fyrste advent!!! Hjeelp!!...For ikkje å snakke om at det berre er 7 veker til jul!!!!

Og eg er ikkje begynt enno....!!! Då er det godt å ha internett!! Ja for eg kasta meg over dei nettbuikkane eg kom på og bestillt 3 pakker...phu..berre for liksom å ha starta julehandelen...då roa eg meg ned og pusta letta ut...Pakkene er komen på toppen av skapet, der ligg dei å ventar på resten...


Det kan jo ta si tid...For når me bur her langt ute på landsbygda og har 80% jobb då kan det gå på helsa laus dette med julehandel!
Men verda har verkeleg endra seg for oss (les:meg....haha!)etter at internettbutikkane byrja å koma. No kan eg stille og roleg sitje her heime å få til litt av førebuingane iallefall...Men for all del det er jo ikkje alt som berre kan kjøpast! Mykje vil eg lage sjølv og kose meg med...og mange av pakkene er det jo morro å gå å handle på butikk!! Men eg er glad i hobbybutikkar på nett og slike plassar der eg får tak i ting eg skal bruke til å lage/pakke inn osv...


Og så er det frykteleg praktisk å kjøpe barneklede på nett!! Og ettersom kulda har byrje å setje inn her, og gamle-dressen til vetlatrulto var begynt å krype oppover leggen...så måtte me få tak i ein ny... Denne dressen er eg veldig fornøgd med! Den er kjøpt i ein dansk nettbutikk: Bambino...Den var passe tjukk med ein nydeleg farge synes eg...vindtett og vanntett sjølvsagt.

Ha ein kjempefin dag!!




laurdag, november 01, 2008

Endeleg litt juleinspirasjon...

Endeleg er det i hus!! JA eg har venta leeenge no...veit det har vore i butikkane lenge...Men når ein bur slik som eg..laaangt ut på landsbygda så MÅ ein berre ha tolmodigheit nok til å venta (til mannen i huset, for eksempel skal nærmare tettbygde strøk...hihi) ! Eg snakkar sjølvsagt om juleinspirasjon nr EIN her hjå meg...: Julenummert av BOLIGLIV!!

Det var nesten ein andektig stemning over heimen i ettermiddag, eg ville ha fred og ro..sende mann og minstetrulte ut på luftetur...fyrt i ovnen, koka meg kaffi og tende ljos...Så opna eg bladet og berre supte inn....Bladet skuffa heller ikkje i år: Sjekk her:

Kva med kremmerhus-hetter til hyasintane i år?? kjempefine...med limt stoff utanpå...

Lilla og blått i ein herleg blanding...sånn skal det vera i år....Bladet er fullt av tips og idear, pluss mønsterark bakerst og for ikkje å snakke om alle nettside-tipsa...jodå eg har masse herleg arbeid framfor meg...hmmm

Ha ein fin laurdagskveld alle som kikkar innom!!